Dette var ein gong en tentamen. Sjangeren er dagbok i utgangspunket. Nynorsken får dykk tilgje, dersom de følar for det.

Dagboka mi.
Eg skriv dette til deg fordi eg vil at du skal vete kva eg tenkar. Eg har skreve ein god del til deg før, men no vil eg skrive om verda, livet og meiningar. Men har livet eigentleg noko meining?

Kven er eg?
Mange har jo stilt spørsmålet før, ikkje berre til seg sjølv, men og til andre. Eg har spurt familien min, dei seier eg er meg sjølv. Trolla i Peer Gynt er seg sjølv nok. Er eg meg sjølv nok, kanskje? Eg trur kanskje eg er for mykje meg sjølv, ein som ikkje legg skjul på at han trivs med seg sjølv, og ein som vil ha meir. Eg er grådig. Ikkje så veldig grådig eigentleg, men sidan eg støtt prøver å vere meg sjølv fullt og heilt oppfattas eg ofte slik.

No, eg er faktisk ikkje sikker på om eg er så grådig. Eg kan jo eigentlig ikkje kallast grådig berre fordi eg veit kva eg vil. Fordi eg veit kva eg står for. Og fordi eg er klar på det. Eg har jo klare mål med meg sjølv, og slik unngår eg jo eigentlig sløsing med tid og ressursar. For når eg veit kva eg vil går eg aktivt inn for det, og det kan vel ikkje seiast å vere så mykje dummare enn å tru ein vil ditt, og tru ein veit datt. Med tvil brukar ein jo lengre tid på å finne ut av ting, og virrar kanskje litt meir. Nei, eg er ikkje grådig, eg er sjølvbestemt.

Men, kven er eg eigentleg? Er eg mors vesle godgut, den tøffe sonen til far, den trassuge broren til bror, eller er eg ein heilt annan? Saman med vener er eg jo ein person, den litt tøffe og betrevitande fyren som alle kan skratte både av og med. Det er på skulen. Med eit teaterlag er eg meir laussluppen, og kan gjerne ta ein trall med. Der er eg kanskje tryggare på meg sjølv, fordi alle andre er ganske like, og likar å gjere ein del sprell. Men heime igjen er eg meir stille, meir tilbakehalden med enkelte ting.

Eg er ikkje berre meg sjølv, trur eg. Eg er mange meg sjølv. Og når ein er mange seg sjølv må det jo bli keisamt. Kva gjer ein når ein må blande saman vene-meg, og heime-meg? Det er ikkje lett. Enda så mykje eg prøvar, eg klarar ikkje vere akkurat den same heile tida. Men på den måten slepp eg jo lettare inn i mange miljø, nettopp ved å tilpasse meg. Og ved å gjere det så bør eg jo også kunne bli trygg på meg sjølv i mange slags samanhengar. Og slik kan ein faktisk gå sakte attende til å vere meir slik ein vil, i mange miljø. Eller så kan eg berre halde fast ved den enkelte meg, og spele mange slags rollar. Eg er jo skodespelar, det er både moro og naturleg. Alle spelar til ein viss grad, og spesielt i sosiale lag. Alle spelar ei rolle, trur eg, utan at det spelar så alt for store rolla, sidan det uansett er noko alle gjer.

Dagbok, eigentleg trur eg at eg er meg sjølv nok, meg sjølv og fleire andre samtidig. Utan at det plagar meg nemneverdig.

Kva er meininga med livet?
Herregud, for eit banalt spørsmål. Men det blir jo spurt om det ganske ofte, og folk lurar på det. For har livet eigentleg noko meining?

Det fyrste eg ville sagt er nei. Eg ville sagt at livet er meiningslaust, og at ein fort kan miste grunna til å leve. Sett frå ein naturvitskaplig ståstad er jo eigentleg meininga med livet å formeire seg, og føre slekta vidare. Den godaste Darwin ville vel kanskje sagt at eg var inne på noko, og på eit heilt basisk plan er eg jo det. Frå naturen si side handlar det om å overleve, noko alle dyr veit, men som mange etterkvart har mislukkas i. Altså, alle kjem til å mislukkas ein eller annan gong med å leve, men poenget då er jo å ha ført rasen vidare. Men kvifor i all Helheim må me det? Det er jo heilt grunnleggande behov å ete og pare seg. Alle vil det, og det utan at det ser ut til å vere noko grunn til det, anna enn å føre si slekt vidare. Naturen har skapt oss slik, men kvifor har han det? Er han så framsynt, og vil han ha dyr og plantar i seg for å sjå pen ut, eller for å vere haldbar lengre enn ei pakke med Marie-kjeks? Eg anar ikkje kvifor han har gjort oss slik, men eg reknar med det ikkje er heilt tilfeldig.

Men denne einetala førar ikkje nokon stad. Eg finner ingen meining i det, og eit meiningslaus liv er ikkje verdt å leva. Altså må eg skape meg ei eiga meining. For meg består den i å gjera livet mitt så godt som mogeleg, og gjere det eg vil mest sjølv. Eg trur heller ikkje noko særlig på eit liv etter dauden. Er ein daud, så er ein daud, og skal sleppe å gjere noko meir etter det.

Eg nemnte jo Helheim litt tidlegare i teksten. Det betyr vel at eg burde ha hatt eit religiøst syn av noko slag, helst om Tor, Odin, Hel og Loke og desse folka, men det har eg altså ikkje. Religion er jo viktig for mange, og hjelper til med å gje fantasilause folk ei meining med livet. Altså dei som ikkje kan tenkje ut ei meining sjølv. Dei får hjelp med meininga med livet av diverse tekstar forbunde med gudar av noko slag, og aller helst noko lovsamlingar om kva ein skal gjere og ikkje. Men som sagt, eg trur eigentleg eg må fylle livet mitt sjølv, utan at eg skal sjå ned på dei som får fylt dei opp av religiøse bøker.

Kvar kjem eg frå?
Dette er også eit ganske latterlig spørsmål, heilt isolert sett. Men ein tek jo seg sjølv i å lura på det av og til. Kvar kjem eg i frå? Ser eg spørsmålet i samanheng med det førre spørsmålet blir svaret ganske enkelt. Eg kjem frå mor og far, som i eit svakt augneblink bestemte seg for å få ein unge til.

Men samtidig stammar eg jo frå urmennesket, dei som gjekk på jorda ei stund. Fyrst var dei små hårete folk med krum rygg, før dei sakte, men sikkert, reiste seg og vart homo erectus, og nokre andre homoar innimellom, før dei kom til meg, homo sapiens sapiens. Mennesket som forstår at det forstår.

Men problemet med å forstå at eg forstår er jo at eg må skrive slike tekstar som dette. Eg må skrive kva eg trur eg forstår. Mykje greiare å berre forstå, og skjøne at slik er det, og ikkje nødvendigvis skjøne kvifor det er slik. Men det er jo noko av sjarmen med det også, å få lure på eitkvart.

Alt i alt trur eg eigentleg eg kjem frå enkle skapnader, som har utvikla seg til å gjere livet lettare og tankane vanskeligare.

Kva har eg komme fram til?
Eg trur eigentleg eg har eit enkelt syn på verda.
Eg er meg sjølv, i større og mindre grad, mest større.
Eg meinar eg må meina ting på eigen hand.
Eg meinar eg kjem frå ei stolt og gamal slekt, som stadig er under utvikling.

Sauegjeteren