Følgende er sidelmålstentamenen min fra før jul, som jeg kom på skulle inn her. Det dere får lese er sekseren, men jeg fikk bare 6/5 på grunn av for mange skrivefeil.

Klokka ringte ut, for å seie at skuledagen var slutt.

“Slutt,” tenkte Reidar med eit smil og traska fornøgd ut or skuleporten. “Endeleg slutt, og eg har gjort den beste eksamenen nokon gong,” fortsette han for seg sjølv, stille og andektig. Han var nett ferdig med norskteksamen. Resten av skulen var ikkje mykje å grue seg for. Han skulle berre seie eit høfleg “ha eit fint liv,” til dei andre i klassa. Han skulle ikke meine noko med det, men han var då ein høfleg gut. Eller kar, så fort han vart ferdig med ungdomsskulen. Det var det far hans sa. Og ei heilt jævlig tid skulle endeleg bli snudd til noko godt.

Gjennom det siste året hadde han arbeidd hardt for å få gode karakterar. Han var heilt sikker på at femmarane kom til å hagle over han. Kanskje til og med ein seksar eller to. Og det heile skulle bli toppa med ein seksar på skriftlig eksamen nynorsk.

“Slutt.” Han smilte berre ved tanken. For eit fantastisk fint ord. Slutt på mas, slutt på eit vondt liv. No skulle det feirast med skriving og avslapning. Han traska bortetter vegen, over brua og smilte til elva. Den var flaumstor, og brydde seg ikkje med å lokka på han i dag. Den skjønte vel at det ikkje var til noko.

“Slutt,” tenkte han endå ein gong. Han gjekk vidare, og kom endeleg heim til garden. Den låg der like stille som den pleide. Han oversåg glatt alt rotet far hans hadde strødd utover. No var det ingenting som betydde noko, anna enn å kome seg inn, forbi mor og far og låse seg inne på rommet. Han greidde det.

Vel inne på rommet satte han seg til med penn og papir igjen. Det skulle skrivast journal. Ein han skulle gøyme vekk litt, så dei som skulle skrive biografien hans trudde dei hadde oppdaga noko riktig stort. Eigentlig var det heile ein lur plan, så dei skulle vete korleis han hadde kome seg opp av uføret. Han ville at dei skulle vete kva han følte etter sin fyrste seksar på ein stil.

“Slutt.”

Han var godt i gang med journalen sin då det banka på døra. “Reidar, korleis gjekk eksamenen?” spurde mor hans, stemme litt hul gjennom døra. “Nja, eg veit ikkje heilt,” svara han, litt tvekande i stemma og med eit glis kring kjeften. Ho skulle neimen ikkje få ta del i hans lukke. Endeleg var det slutt på torturen. Ikkje meir dårlege lærarar no, nei.

“Slutt.”

Etter å ha skrive journalen, krølla den passe saman og lagt den bak nokre bøker, skreiv han meir. Han skreiv om drakar og sverd, riddarar og jomfruer. Og heile tida låg det bak i hovudet hans. Det fantastiske ordet. Slutt.

Då han vakna igjen låg han på skrivebordet. Han kneip ihop auga mot det sterke lyset. Då han letta på hovudet vart det eine arket med. Han plukka det av kjaken og la det forsiktig ned i bunken igjen. “Slutt,” tenkte han. Endeleg.

Han gikk på skulen nokre dagar til. Dei gjorde ikkje stort, og det dei gjorde la han ikkje særleg merke til. Alt han kunne tenkje på var seksaren som låg heime hjå læraren.

Så kom dagen då dei fekk igjen eksamenane. “Når eg får igjen denne eksamenen er det slutt på ungdomskulen si pine,” tenkte Reidar. Læraren sa litt om eksamenane, det var mykje godt skrivi, og noko dårleg. Dei fikk igjen prøvane. Reidar les gjennom historia si på tur heim igjen. Han ville spara karakteren til slutt, for virkelig å ha noko å glede seg til. Han var omtrent komen til brua då han byrja på responsen.

“Du har god grammatikk og god fantasi, Reidar. Men der stoppar det og. Setningsoppbyggjinga di er ikkje bra, og historia er for høgtflaksande. Ho hoppar frå den eine staden til andre uten å gje lesarene tid til å følgje meg.”

Nederst på arket stod det med raud skrift: 3-

“Kva?” tenkte Reidar forbausa og forbanna. “Det var ikkje ein slik slutt eg tenkte meg!” ropte han ut til skogen og det som var kring. Elva svarte. Det same mantraet som ho hadde brukt i fleire år noe. “Kom.” Reidar var for forundra til å svare, og gjekk over brua, nummen. “Det kan då ikkje slutte slik!” Han gjekk vidare, stadig nummen.

“Slutt.”

“Slutt.”

“Dette er slutten,” tenkte han. Han snudde seg, og høyrte elva lokke. Han gjekk ut på brua, såg over kanten på ho, og ned i dei skummande massane. Han kom.