Ho sprakk, gjorde ho.
Ho sprutte, gjorde ho.
Berre fordi eg ga ho ein klem.
Ho datt heilt ihop.

Ho kvæste, gjorde ho.
Ho skreik, gjorde ho.
Berre fordi eg ga ho ein klem.
Ho punkterte, der og då.

Eg grein, gjorde eg.
Eg stønna, gjorde eg.
Berre fordi eg ga ho ein klem.
Eg kraup alldeles ihop.

Me har et forhold, me.
Ei blanding av hormonar, me to.
Me gjer kvarandre berre ein klem.
Me skal klemmas seinare.

Eg saknar deg litt.
Men eg veit du kjem att.
Då skal eg gi deg ein klem.
Kjære kvisa mi.