I promised you guys an entry about my recent trip down horrible lane, though it was originally slotted to be posted a lot sooner than now. So to remedy this grievance, I will post some of the pictures I took on the trip and I’ll also add an essay-like thing I wrote for my Norwegian class (it’s behind the cut for those who’re interested/able to read it). This way everyone gets something to look at!






Gråtonar
Det er mange inntrykk ein sitt igjen med etter ein tur til Polen. Derfor undrast eg no på kva det vil vere som dukkar først fram i bevisstheita når nokon spør meg om Polen, og korleis det var der. Kjem eg til å fortelje om millionane av jødar som vart myrda i nazistane sine gasskammer og alt det andre fordelege eg såg der nede? Eller kjem eg til å hugse den gongen vennegjengen min slo av ein vits utanfor ein nedfallen bensinstasjon? Det er ikkje godt å seie fordi det var ein tur fylt med ironiske kontrastar for ein relativ rik ungdom frå Noreg. Eg likar å tru at eg kjem til å snakke om noko guiden vår, Solveig, sa mens vi kjørte inn i Katowice-området med den berømte forureiningståka tjukk rundt oss: “Folk seier Polen bare har tre fargar: Mørkegrått, betonggrått, og den sjeldne og svært ettertrakta, lysegrå fargen.” Folk lo godt rundt meg da ho fortalde dette over høgtalarane; dei syntest det var ein passande vits, for alt vi kunne sjå utanfor vinduaga var grått og trist. I ettertid har den vitsen mista mye sjarm for meg. Polen er eit grått land på utsida, det er sant, men det er enda svartare inni.
Det var nesten komisk kor grått alt saman var da vi endeleg rulla av ferga frå København. Bussen vart sett i gir, og snart tråkla vi oss saktmodig gjennom eit flatt landskap. Dei einaste fjella i sikte var dei overraskande ruvande ‘kommunistblokkene’ som sto der som kjempar frå ei vond fortid. Folk hadde i nokre tilfelle prøvd å fikse dei opp så godt dei kunne. Kanskje hadde dei lagt på eit malingstrøk her og der, men da helst i noko grelt som rosa eller turkis. Vegane vi kjørte på, var i og for seg surrealistisk fine. Ja, dei var på mange måtar nesten finare enn vegane du finn her heime, så flate, oppussa og godt oppmerka var dei. Bare så synd at folk ikkje kjørte like fint som nordmenn; blomekransane i vegkanten utgjorde nesten eit samanhengande bedd for seg sjølv.
Nei, blomane sparar dei ikkje på i Polen. Overalt kunne ein få kjøpt billige roser og liljer, og gravplassane var så fargesprakande av blomar at ein kunne lure på korleis dei hadde fått plass til dei døde der i det hele tatt. Når det er sagt, så kan ein jo lure på korleis dei hadde fått plass til alle gravplassane også. Det var ei stund det virka det som ein ikkje kunne ta ein sving utan å treffe på innrissa gravstøtter med rosebukettar rundt seg. Eg er usikker på om eg likar roser lenger. Ikkje fordi denne blomen er stygg - det er han langt i frå - men fordi kvar gong eg var i nærleiken av ei rose, så var det fordi nokon hadde dødd der. I Auschwitz la klassen vår ned ein krans der tyskarane hadde kost seg med å massakrere og torturere tusentals uskuldege personar. Vi la rosekransen ved muren der fangane vart stilte opp mot da dei skulle drepast; ein klatt med vakre, døde blomar på ein grå vegg full av kulehol. Det kjendes bittert og tomt der og da, og det har ikkje vorte noko betre sia.
I Ravensbrück stilte klassen seg ved vatnet nazistane brukte til å dumpe aska i. Gutane sto i ein halvsirkel mens jentene la ei rose i vatnet og let ho drive sakte ut mot midten. Ein fargerik armada i ein sjø av død. Hadde eg visst betre, ville eg ha gråte. Men det klarte eg aldri, for uansett kor mange inntrykk ein får trykt opp i trynet og blir beden om å forstå, så kan ikkje eg skjøne kor forferdeleg det eg så eigentlig var. Sjå, her ligg hårrestane etter fleire tusen daude jødar. Og hugs, dette er ikkje ein promille av alt som ein gang var her. Sjå, her er ruinane av gasskammera som myrda fleire personar dagleg enn du nokon gong har kjend. Og to gasskammer var ikkje nok i Birkenau; der måtte dei bygge fire til for å få unna alt saman.
Sjå, i Polen har dei ikkje råd til å male husa sine!
Kor artig er ikkje det?
Ikkje i det hele tatt er svaret, men når valet står mellom tårer og latter, så har du ikkje noko val i det heile tatt. I møte med jorda sitt nærmaste svar på helvete, legg vi oss ikkje ned og fortvilar. Vi trekkjer heller saman inn i ein trygg buss full av trygge, velkjende folk. Der vender vi ryggen til røynda som ser så klagande på oss gjennom vindauga, og vi slår av ein vits med sidemann. Snart er bussen på vegen igjen, kjørande saktmodig gjennom det flate, grå landskapet. Det er ikkje lenge til vi er heime igjen der husa er malte og blomane veks i hagar utan å vere til minne om nokon som helst.

Posts
That’s a very good essay. Maybe a tad too heavily melodramatic when you call it the Earth’s answer to Hell for my tastes, but it’s a very good essay nonetheless. I do believe I’d have given that a 6-.
10. April 2008 @ 08:59 ( Permalink )
That’s awfully nice of you to say, Loki. For me it felt like it was 1/5 blog post and 4/5 essay, which is to say that I’d rewrite the start if I was to change something. But still, thanks for the high praise.
So, how do you guys like my pictures? I especially like the really black one with the smoke.
10. April 2008 @ 09:12 ( Permalink )
The entire thing was good, but I have to say, I really loved the first paragraph and I would not want you to change it.
Your pictures are too artsy for me. The only one I find remotely interesting is the one with the smoke, and even that one only passingly so.
10. April 2008 @ 09:15 ( Permalink )
It’s just that the first paragraph feels so different compared to the rest that it’d probably been better if I’d sobered it up a little. Not that it matters, really…
10. April 2008 @ 09:34 ( Permalink )
Hm… I don’t see that. Maybe I’m too slow or stupid.
10. April 2008 @ 10:55 ( Permalink )